Gå (2017)
Dimensjon: 26 cm x 30 cm 
Teknikk: Porselen, kanthaltråd 
Pris: 10500,- (inkl. 5%) 
_______ 
Eg har hatt 11 separatutstillingar, den siste på Hå gamle prestegard i 2023, har sidan 1990 delteke på mange gruppeutstillinga rundt omkring i Norge. I 2007 var eg med på "The First Jingzhe International Ceramic Exhibition", Shanghai,  2004 "Bowl`d and Beautiful", Ceramic Art Gallery, Sydney. I 1992 og 1993 var eg med på årsutstillinga for Norske kunsthåndverkere. Er innkjøpt av Norsk kulturråd 1992 og 1996, er representert i samlinga til Sogn & Fjordane kunstmuseum. Har arbeidd som konsulent for utsmykkingar i offentelege rom frå 1992 til 2014. 
Eg arbeider med minner, tek utgangspunkt i klær og gjenstandar som har vore viktige for meg. Eg brenn bort, kapslar inne og modellerer, omformar minner i porselen og steingodsleire. Det handlar om form, om bruk, om kjensler og sosiale samanhangar. Eg har forma minna og minna har forma meg. Minna blir ein samtale eg held med meg sjølv, håpet er at dei skal vera allmenngyldige, at den enkelte skal kjenna seg att i eigne minner. 
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligst kan hentes torsdag 30. oktober, mellom kl. 12.00-16.30 (eller etter egen avtale) 
_____ 
Back to Top