Veggtavle I (2024) 
Dimensjon: 39 cm x 39 cm 
Teknikk: leirgods og bladgull på kryssfinerplate 
Pris: 4100,- (inkl. 5%) 
Veggtavle II (2024) 
Dimensjon: 39 cm x 39 cm 
Teknikk: leirgods og bladgull på kryssfinerplate 
Pris: 4100,- (inkl. 5%) 
_______ 
Eg har arbeidd som kunstnar i tretti år, held til i Haugesund og er oppvaksen på Tveit i Sveio. 
I faglærarutdanninga mi i forming frå Notodden fekk eg brei materialkunnskap, men la min største elsk på leira! Eit fasinerande materiale eg sidan har nytta til både to- og tredimensjonale arbeid. I mange år brukte eg blåleira frå Sannes, seinare annan lågbrent leire, og med eigne fargeblandingar.  
Tekstile materiale fekk eg tidleg kjennskap til. I barneforeininga broderte vi border med kvit tråd på raudt stoff, drakk kakao og fekk høyre om Jesus. Bestemødrene mine hadde ofte eit eller anna handarbeid mellom hendene sine, og inspirerte meg til det same. Alltid har eg halde på med noko i tekstil, og hatt mange oppdrag av sakral karakter. 
Mi siste separatutstilling var i samband med 1000-årsjubileet for Kristenretten i Norge, og ein del av hovudprogrammet på Moster sommaren 2024. Utstillinga denne freden vart også utstilt i Avaldsnes kirke på Karmøy under Olavsdagane same året.  
Allmenne og eksistensielle tema i eit trusperspektiv ligg ofte til grunn for mitt skapande arbeid.  
Eg har fleire gonger teke initiativ til tverrfaglege prosjekt, til dømes Krukkesong, ei konsertførestelling og Sinus i minus, utstilling med workshop-program. 
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligst kan hentes torsdag 30. oktober, mellom kl. 12.00-16.30 (eller etter egen avtale) 
_____ 
Back to Top