Spel 
Dimensjon: 100 cm x 82 cm x 9 cm 
Teknikk: Grovt steingods / porselenskuler 
Pris: 29400,- (inkl. 5%) 
_______ 
10 store separatutstillingar rundt i landet, bl. a. KOMPOSITT, opna 2005 i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim med lansering av bok m. same navn. Gjekk vidare til Stavanger Kunstmuseum og Kunstbanken i Hamar i 2006. Deltatt på ca. 30 gruppeutst. i inn og utland, innkjøpt av Nasjonalmuseet, Kode og dei andre større institusjonane i landet. Fått diverse stipend, innkjøp og prisar, samt omtale i diverse fagtidskrift i innn og utland. 
Kunstnarskapet: Eg arbeider gjerne med kontrasten mellom det kraftfulle vedfyrte steingodsuttrykket og eit strengt presisert formalt formspråk. Ofte utnyttar eg optiske effektar i samspel med materialkombinasjonar. 
Som overordna tematikk byggjer eg arbeid som for ein stor del hentar kraft frå møtet mellom keramisk tradisjon, ebbande industrikultur og samtidskunstpraksis. Den formale metoden byggjer på sterk forenkling av hovedmotivet for å konsentrera dei meiningsbærande laga, ofte symmetrisk med små forskyvingar. 
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligst kan hentes torsdag 30. oktober, mellom kl. 12.00-16.30 (eller etter egen avtale) 
_____ 
Back to Top