Rytme (2019)
Dimensjon: 60 cm x 23 cm 
Teknikk: Skulptur, Kvit Carrara marmor 
Pris: 22500,- (inkl. 5%) 
_______ 
Skulptør/keramikar/arkitekt  
Medlem i Norsk billedhoggerforening, NBF og NBF-R.  
1996/97: Hospitant hjå pottemakar Stein Emmanuel Simonsen, Sandnes 
1998: etablerte eigen keramikkverkstad på Fiskå i Strand 
2013: Elev hjå Boutros Romhein, Carrara/Italia i 2 periodar. 
2013- 2021: Base i Carrara der eg jobba med eigne arbeider i hovudsakleg marmor.  
Har sidan 2021 jobba mest i Strand. 
Har hatt fleire separatutstillingar og delteke i fleire utstillingar, symposier og bienallar i inn- og utland. Er innkjøpt av kommunar og kunstforeiningar, både offentlege og private. 
Mine skulpturar har eit abstrakt organisk uttrykk. Eg tenker ofte at det å forme skulpturar, er som å skrive dikt. Eg veit ikkje alltid kor inspirasjonen kjem frå, men naturen er nok ei av dei større inspirasjonskjeldene. 
Eg jobbar intuitivt og i arbeidet mitt er eg alltid på leit etter dei gode linjene og forsøker å gjere om den kalde marmoren om til noko innbydande og "mjukt". Eg tenker på lyset og likar å spele på transparensen som kvit marmor gjev og gjere overflata silkematt. 
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligst kan hentes torsdag 30. oktober, mellom kl. 12.00-16.30 (eller etter egen avtale) 
_____ 
Back to Top